1. |
||||
Var det englevinga, mormor, som strauk varsomt mot mitt kinn, då vi sto og baka fattigmann i kjøkkenkroken din?
Var det englevinga, mormor, som det suste av då du
løfta armane og ropte: Kom til fanget mitt litt nu!
Var det englekoret, mormor, som ej hørte ovenfra? Kanskje sto det opp i trappa, kanskje smilte dei og sa: Ære være gud, og alt som i det høge helde til.
For i dag er barnet kommen, gå og finn han om du vil!
Var det hyrdene vi hørte, då vi satte baksten ut?
For å kjøle den i vinterkuldas klare, reine luft?
Dei som humra ned ved porten, over nokke som var hendt? Som sprang bort fra kyr og sauer, for dei var så veldig spent?
Var det gråten fra den lille, då han gispa etter luft?
Var det latter frå hass mamma då ho såg han var ein gut? Var det lettelsen hos pappa'n, då han skjønte det var sant, det den engelen i drømmen sa - før engelen forsvant.
Der i fanget, kjære mormor, kom det lille barn så nær. Der i fanget såg ej konga knele ned på sine knær.
Og dei brakte med sej gaver, dei var slitne, dei var kry. Stjerna hadde ført til Betlehem, den lille, bratte by.
Kjære mormor, kanskje he du sjølv fått engekåpe no? Kanskje svar på alle gåter vi her nede lurar på?
Vi som ber om fred på jorda, fred i gamle Davids by. Og om fred i eige sinn når jula kjeme hit på ny.
|
||||
2. |
Elv av is
04:29
|
|||
Det fins så mange sanga om julefred og sånn,
og du føle du blir fanga av den hellige ånd
Då e det fint med føre på ei elv av is
Ej drømte om en sang
Som ej syns va så stor
Der dei hogg ned alle trea
og sang fred på vår jord
og kjente på et ønske om å være fri
Ta på dej skøytene å svev, og kjenn på at du lev Med kursen mot ei å
der du kan gå
på is så tjukk og blå
Han sitte der og venta, ho veit det ho,
men ho tør ikkje gjenta det dei va en gang dei to Den isen er for utrygg, den har smelta no
Ho dreg langt avgårde til grønnere gras
For den isen ho gikk på Den var berre fjas
Ho vil haike med vinden Ho vil vere fri
Ho vil ta på sej skøytene å sveve, og kjenne at ho leve
Med kursen mot ei å
der ho kan gå
på is så tjukk og blå
Det fins så mange sanga om stress i juletid
og folk som blir fanga
i eit pakkehysteri
Gli avgårde barbeint på ei elv av is
|
||||
3. |
Beluta blues
04:12
|
|||
O' lutefisk di skjelv av liv! Din eim av mjukt giv!
Ein smak som berre seg sjølv, kraftig omkransa av tilbehør Nokre ler og nokre gret
For nokre er det berre baconet dei et
Din frelste flokk dei hylla deg
Dei andre har fjes med merkeleg preg
Kvart år så ventar i spenning...
Kjenslene er mange - frå tilvenning til godkjenning
Nokre smakar forskjell
om det torsk eller skrei
Andre nyttar tilbehøret som fluktvei O' lutefiskens kompleksitet!
Dei frelste flira, og dei hine he attelet
O' lutefisk om dufta di til himlen går
er eg sikker på at lykke dit opp når
At lutefisk er bandet til den lange tradisjon minnar oss på alle i ein annan dimensjon
Send ei helsing til dei der i sky
som samla oss rundt bordet og serverte oss så kry Ei lita helsing når du tar din første bit
så smakar det så godt av fisken som er kvit
Nokre smakar forskjell
om det torsk eller skrei
Andre nyttar tilbehøret som fluktvei O' lutefiskens kompleksitet!
Dei frelste flira, og dei hine he attelet
Send ei helsing til dei der i sky
Som samla oss rundt bordet og serverte oss så kry Send ei lita helsing når du tar din første bit
Så smakar det så godt av fisken som er kvit
|
||||
4. |
Sju slag
02:26
|
|||
Det var ein gammal baker som budde på ei øy
Han var så lei av kaker med krem og syltetøy
Den bakern he vi hørt om før, i Hagerupske ord,
men bakern som ej syng om no - det er den bakerens bror
Broren han er baker, og mester i sitt fag
Han øver på julebakst kvar einaste dag
Gir sej aldri før han he den beste kakesmak
Sju slag det skulle broren ha. Minst. Han var eit bakevrak!
Siruppsnippar, fattigmann, strandabakkels, havreflarn, snikaløfse, pepperkaker, julemanna, kransekake
Han skulle stoppa før han bakte berlinerkrans
Men baka og baka til han fikk hjertestans
Sju slag blei aldri nok, han ville ha en milliard!
Den aller siste som fekk sjå han - det var Sarah Bernard
|
||||
5. |
Mulm
03:16
|
|||
Ei skumring legg seg over alt det vi ser mellom lys og mørke i eit pauserom
Og alle lydar som er igjen no
kviskrar mjukt i øyret og gir ro
Eg pustar ut all frostrøyk i meg
Snur meg og går inn for å bli varm
Den kvite engelen heng på stilk i eit tre, og langt der oppe er du og ser ned
Gi litt rom for å fundere
Sette i gang å fantasere
Sjå seg om og vurdere om solstrålas skyggar skal få regjere
Om mulm har fått ro då e det fint å vere to
Ein tanke streifar innom kvasst som eit spyd
Gir fra seg ein song heilt utan lyd
Eg nynnar på den heilt til lyset forsvinn
Songen smakar stillheit, og er min
Gi litt rom for å fundere
Sette i gang å fantasere
Sjå seg om og vurdere om solstrålas skyggar skal få regjere
Om mulm har fått ro då e det fint å vere to
I nattas mørke er det fint å vere to
Mulmet blir litt finare no
|
||||
6. |
Shchedryk
01:41
|
|||
7. |
Snart jul, no
03:18
|
|||
8. |
Sunnmørstona
01:20
|
|||
9. |
Nordnorsk Julesalme
05:18
|
|||
Velsigna du dag over fjordan.
Velsigna du lys over land
Velsigna de evige ordan om håp og ei utstrakt hand
Verg dette lille du ga oss den dagen du fløtta oss hit
Så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme i armod og slit
Vi levde med hua i handa men hadde så sterk ei tru
Og ett har vi visserlig sanna:
Vi e hardhausa vi, som du
Nå har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem
Mot lyset og adventstida, d'e langt sør te Betlehem
Guds fred over fjellet og åsen.
La det gro der vi bygge og bor
Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord
Du ser oss i mørketids landet, du signe med evige ord
Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord
|
||||
10. |
Værfast
03:46
|
|||
Det blåse fra nord, på gjensnødde spor
Veiar av is, tydeligvis e vi værfast
Veien er stengt, trena ligg slengt
Frossenpinn, pakka inn
Vi e værfast
Vi e værfast
Flaks at vi får inn Julefergå på TV2
Værfast
Inne e det god fyr i peisen,
og den knitra pizzicato
Det lava ned, kjem ingen sted
For et vær, for et syn
Der det flyg risengryn
Vi e værfast - ej og du
Vi e værfast
Det ser ikkje ut til at det klarna med det første
Værfast,
Heldigvis så hadde du tatt med tøfla, pysj og tannbørste
Grøt'n e kokt
Det snør fortsatt tjukt
Skjenk to glass, få på jazz
Klokka ni, masse tid
Vi e værfast, værfast værfast, værfast
værfast - berre ej og du
|
||||
11. |
Ein song er fødd
03:45
|
|||
12. |
Mitt hjerte
02:49
|
|||
Mitt hjerte alltid vankar I Jesu føderom,
Der samlast mine tankar Som i sin hovedsum,
Der e mi lengsel heime,
Der he mi tru sin skatt,
Ej kan dej aldri gløyme,
Velsigna Julenatt
|
Streaming and Download help
If you like Nokre ler og nokre gret, you may also like:
Bandcamp Daily your guide to the world of Bandcamp